Hybel

Dersom du har behov for å bu på hybel medan du går på Sauda vidaregåande skule, er det fleire moglegheiter til det.

I Sauda har du frå hausten 2015 tretti hyblar i elevbustaden, der seks er universelt utforma. Det finnes og mange private utleigarar. Går du på transportfag er det privathyblar til leige på Birkeland. Elevar på Toppvolley Norge og byggfag på avdeling Sand kan få plass på internatet Rygjatun, eller eventuelt sjå etter ein hybel på privatmarknaden.