Rådgivartenesta

Den enkelte elev har rett til nødvendig sosialpedagogisk rådgiving og rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval.

Tilbodet skal vere kjent for elevar og føresette, og skal vere tilgjengeleg for elevane ved den enkelte skule. Rådgivartenesta samarbeider med Oppfølgingstenesta (OT), Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) og Skulehelsetenesta. Rådgivarane skal informere om rådgivartenesta i alle klassar.

Elevane kan snakke med rådgivar om personlege forhold. Rådgivarane har taushetsplikt og vil ikkje gi opplysningar vidare utan at det er avtalt med eleven. Rådgivarane har ulik kontortid, og det kan vere lurt å avtale ei tid til samtale på førehand.