Elevomtalar av litteraturprosjektet

Frode Grytten, Gro Skartveit og Einar Schibevaag på bokbad i filmsalen ved Sauda VGS.

Nokre elevar ved skulen skreiv kvar sin omtale av Gro Skartveit og Frode Grytten sitt besøk. Desse kan du lese her.

Jostein

Ein 56 år gammal mann som aldri har besøkt Miami, kom i dag på besøk til oss. Han kunne fortelje om kunsten å skrive, og korleis han blei interessert i litteratur. Som ung gut spelte han fotball, las bøker og sto bak skranken på biblioteket. Dette førte han til jobben i ei avis og seinare livet til å bli forfattar.

Ved sida av Grytten sto ei eldre dame som ikkje var ei eldre dame. Dama kom frå Finnøy kommune og såg ikkje på seg sjølv som forfattar sjølv om ho hadde gitt ut tre bøker. Ho var sosionom, og alle bøkene hennar handlar om forferdelege ting som har skjedd i eit stakkars menneskes liv. 

Skartveit skriv om verkelegheita og skriv om både personlege hendingar samt problem andre har hatt det vanskeleg  med - overgrep, rusmisbruk, depresjonar og vald blant anna.

Grytten skriv fiksjon, og han legg og vekt på at det er fiksjon han skriv. Når folk kjem bort og seier at han har skrive om ein bestemt person og at dette ikkje var noko særleg, svarar han blankt nei, han skriv fiksjon, han skriv ikkje frå verkelegheita.

Begge to skriv nynorsk, nynorsken gir dei fleire ord og uttrykk å velja mellom. Ein kan lettare uttrykka seg på ein personleg måte om ein skriv nynorsk, det er sjeldnare at ein skriv likt nokon andre. Den nynorske ordboka er nemleg mykje tjukkare enn bokmålsordboka.

Til slutt fekk me alle saman skrivetips: Viss ein vil bli god til å skrive, må ein berre setja seg ned og skrive. Ein må ikkje finne den perfekte starten, ein må berre skrive om igjen og om igjen til ein blir nøgd. Det er slik ein blir betre, repetisjon og øving er vegen til suksess!

Brage

Under forfattarbesøket i dag blei eg fascinert av Frode Grytten. Han opna med eit lite resymé av livet sitt. I foredraget dreiv Grytten fram og tilbake mellom eigne meiningar, og minne og interesser frå oppveksten. Stemmen var roleg og behagelig. Den uttrykte velvalte ord og gjennomtenkte vinklingar. Eg sette rett og slett pris på å få høyre om litteratur frå Grytten sitt perspektiv.

Matias

Me har no hatt forfattarbesøk av Frode Grytten og Gro Skartveit. Dei presenterte seg sjølv på ein grei måte, med både humor og ærlege historier frå fortida. Dei greidde også å presse inn litt reklame for bøkene sine, som eg ikkje huskar namnet på, noko som seier litt om kor effektivt det var. Det var også ein stor forskjell på korleis dei snakka. Grytten hadde ein roleg mannsstemme, medan Skartveit ein meir lys og skarp tone. Begge fekk likevel fram bodskapet sitt, at for å bli god til å skrive, så må ein skrive, og ikkje tenkje på å skrive. Og lese masse hjelper også. Skulle tru det sa seg sjølv, men det er faktisk eit viktig poeng.

I spørjerunden svara dei godt på spørsmåla, med fyldige og innhaldsrike svar. Dei var innom mange spanande emne, som for eksempel barndomshistorier, folk dei har skrive om, folk dei har basert skrivinga på, forskjellen mellom fiksjon og saktekst og «#metoo» kampanjen. Det var interessant og lærerikt, og eg føler ein inspirasjon til å skrive meir, sjølv om eg mest sannsynleg er for lat til å begynne uansett. Men eg personleg følte eg fekk noko ut av dette forfattarbesøket, og vil gjerne ha fleire, der ein kan bli inspirert og lære noko, samt få innsikt i profesjonelle forfattarar sine liv og tankar omkring litteratur.

Del denne artikkelen på: