Koordinator ved ToppVolley Norge

Ved Sauda vidaregåande skule er det ledig ei 40% fast merkantil stilling som koordinator ved ToppVolley Norge.

Me søker ein person med erfaring innan idrettsadministrasjon og merkantilt arbeid som har brei kunnskap om idretten volleyball, både på nasjonalt og internasjonalt nivå. Søkaren må ha minst treårig høgskule- eller universitetsutdanning og ha god kjennskap til vidaregåande skule.

Me søker ein person som:

  • kommuniserer godt skriftleg og munnleg på fleire språk for å ivareta internasjonal utveksling ved ToppVolley Norge
  • er flink til å samarbeide
  • er flink til å bygge kontaktnett
  • meistrar digitale kommunikasjonsverktøy
  • har førarkort klasse B

Det vil i stor grad verte vektlagt at du er personleg eigna til stillinga.

For meir informasjon om ToppVolley Norge, sjå www.toppvolley.no.

Alle som skal tilsettast i vidaregåande skule må legge fram godkjend politiattest.

Dersom stillinga er interessant, men du manglar deler av kompetansen, anbefalar me deg likevel å søke.

Ta kontakt med avdelingsleiar Øyvind Marvik (918 30 957) for nærare informasjon.

Link til elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist: 26.05.2019

Del denne artikkelen på:
Kontaktperson