Programfaglærar på ambulansefag

Ved Sauda vidaregåande skule er det ledig ei inntil 30% undervisningsstilling som programfaglærar på ambulansefag fom. 01.08.19.

Stillinga inneber mellom anna undervisning i ambulanseoperative emne, og det vil verte vektlagt at den som vert tilsett er i operativ teneste som ambulansefagarbeidar.

Krav til stillinga

  • Fagbrev som ambulansefagarbeidar
  • Autorisasjon for ambulansearbeidar
  • Førarkort klasse B
  • Godkjent pedagogisk kompetanse
  • Minimum fem års erfaring i operativ teneste
  • Undervisningserfaring er ein fordel

Dersom denne stillinga er interessant, men du manglar deler av den pedagogiske kompetansen, oppfordrar me deg likevel til å søke. Det vil verte vektlagt at du er personleg eigna til stillinga.

Ta kontakt med avdelingsleiar Tove Ann Hustveit (51 92 28 14/95 22 99 23) for nærare informasjon.

Link til elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist: 29.05.2019

Del denne artikkelen på:
Kontaktperson