Om skulen

Sauda vidaregåande skule er ein kombinert skule med eit breitt tilbod innan yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram.

Skulen er lokalisert på tre ulike stader i to kommunar. Hovudavdelinga på Lofthus og transportfagleg avdeling på Indre Birkeland ligg i Sauda kommune. Toppvolley Norge ligg på Sand i Suldal kommune. Byggfag har undervisning både på Lofthus og på Sand.

Det er viktig for oss å gi elevane tett oppfølging og eit fagleg godt utdanningstilbod. Sauda vidaregåande skule er kjent for gode skreddarsydde løysingar, høg fagleg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø blant elevar og tilsette.

Skulen er regionalt kompetansesenter for indre Ryfylke. Me samarbeider tett med offentlege verksemder og regionalt næringsliv. Skulen representerer Rogaland fylkeskommune i indre Ryfylke. Målet vårt som regional utviklingsaktør er å skapa gode arenaer for utdanning og utvikling. Visjonen vår er «Me vil meir».

For meir informasjon om skulen, kan du sjå brosjyren vår.