Helse- og oppvekstfag

Likar du å jobba med menneske? Då vel du kanskje helse- og oppvekstfagleg studieretning.

VG1 helse- og oppvekstfag er første skritt på veg mot arbeid innan helse og sosialsektoren, fritidsheim, barnehage og liknande. Du kan mellom anna verta helsefagarbeidar, ambulansearbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar.

Fleire av kursa gir ein kombinasjon av skulegang og læretid i bedrift, slik at du får ei variert opplæring. Alle VG2-kursa gir grunnlag for inntak til allmennfagleg påbygging slik at du kan få generell studiekompetanse.