Idrettsfag med Park- og frikøyring (PFL)

Vil du satse på freeski eller freeride kombinert med skule? Bli med Park- og frikjøringslinja på open dag laurdag 3. februar 2018.

Klikk her for påmelding til open dag.

Meir informasjon om samlinga finn du her.

Park- og frikjøringslinja (PFL) vart etablert hausten 2013 og har sidan starten bidratt til at mange skikøyrarar på freeski, freeride og snowboardarar har utvikla seg mykje i kombinasjonen skule og idrett. Linja har hatt elevar med fleire samanlagtsigerar i Norgescupen i frikøyring og deltakarar i junior VM.

Linja skal være valet for ambisiøse park- og frikøyrarar frå heile landet der me har mål om å vere best på kombinasjonen skule og idrett ved:

  • systematikk
  • progresjon
  • oppfølging
  • dokumentasjon

Korleis søke

Innsøking til faget er ulikt alt etter om du søker frå Rogaland eller ein annan stad i landet. Informasjon for deg som er i Rogaland finn du her. Er du ein annan stad i landet finn du informasjonen her.

Overordna mål

Utvikla utøvarar mot nasjonalt toppnivå  innan park- og frikøyring.

Trening

I haustsemesteret går mykje av aktiviteten til å førebu seg til vintersesongen. Treninga består av uthald, styrke, basistrening, bevegelegheit og akrobatikk. Det er og samlingar i haustsemesteret på snø. Skulen har i tillegg eit samarbeid med Olympiatoppen Sørvest med ei basis og skadeførebyggande treningsøkt i veka.

I vintersesongen er det trening på snø to dagar i veka i Sauda Skisenter. Skisenteret har og kveldskøyringar der skulen sørger for transport til og frå skisenteret på kveldstid.

Det vert lagt til rette for konkurransar i vintersesongen der ein reiser på park- og frikøyringskonkurransar i Norge. Me har elevar som satsar på både freeski og freeride.

Buforhold

I 2015 vart det bygd tretti hyblar i elevbustaden Sauda Campus. Det finst og mange private utleigarar.

Plusspakke

For dei som vil satse ytterlegare på park-/frikøyring er det mogleg å velje ein «pakke» med utvida tilbod som inneheld fleire samlingar og konkurransar mot ein eigenandel. For meir informasjon om dette, kontakt Sauda VGS.

Lærarane

Lærarar
Trond Carsten Øye
Odd Erik Egge
Marius Ness Iversen
Trond Carsten Øye
934 24 159
Send epost
Odd Erik Egge
412 08 024
Send epost
Marius Iversen
926 60 204
Send epost
To personar som triksar på ski. Foto: Per Inge Fjellheim

Foto: Per Inge Fjellheim

Trampolinehopp i Saudahallen. Foto: Trond Carsten Øye

Foto: Trond Carsten Øye

Ein person på ski. Foto: Per Inge Fjellheim

Foto: Per Inge Fjellheim

Trampolinehopp i Saudahallen. Foto: Trond Carsten Øye

Foto: Trond Carsten Øye

Del denne artikkelen på:
 

Søknadsfrista for søkarar frå Rogaland er 1. mars.

Søknadsfrista for søkarar utanfrå Rogaland er 1. mars.