Påbygg

Her finn du meir informasjon om 23t Påbygg hjå Sauda vidaregåande skule (4PÅBA).

4PÅBA

Kva fag skal du ha i 23t påbygg?

  • 10t norsk (hovedmål, sidemål og munnleg), 5t matte, 5t historie, 3t naturfag. Les meir om faga i menyen til venstre. Alt i alt 23 timar kvar veke. Påbygg gir deg generell studiekompetanse.

Korleis fungerer påbygg på nettet?

Me nyttar læringsplattforma It's Learning. All undervisning føregår over nett, og i staden for bøker nyttar me nettressursar som for eksempel NDLA, NorskNett m.m. I tillegg vert det lagt ut videoar, presentasjonar og oppgåver. Ein kommuniserer med lærarane gjennom meldingstenesta på It's Learning, ved praterom, diskusjonsforum eller blogg. For ein individuell samtale vil det verte nytta videokonferanse.

Its Learning
  • Vurdering. Kvar veke vert det gjennomgang av teori og eksempel. Ein må levere inn oppgåver i tilknytning til teoristoffet kvar veke. Nokre av desse oppgåvene skal leverast inn til faglærar for vurdering. I løpet av året vert det arrangert prøvar som skal gi deg ein peikepinn om i kor stor grad du beherskar stoffet. I mai vert det ei større prøve, nokså lik eksamen. Elevane kan trekkast ut til ein skriftleg/munnleg eksamen.

Kven kan søke?

  • Du må ha fullført og bestått Vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram og ha fagbrev
  • I tillegg må du ha heimstadsadresse i Rogaland

Kva kostar det?

  • Ingenting

Korleis kan du søke?

  • vigo.no
    Du søker på vigo.no, sjå lenker på høgre side.

Når kan du begynne?

  • Påbygg starter kvart år i august, og skal vare eit vanleg skuleår.

 Viss du vil vite meir, kontakt oss (sjå kontaktpersonar på høgre side)

Margot Sundsbø
Inntaksleiar
Sommarskulen
97 66 40 21
Send e-post

Lisbet Bakka
Administrasjonsleiar
Sauda VGS
51 92 28 13
90 10 21 24
Send e-post

Lenker