Yrkes- og studiekompetanse

Frå og med hausten 2018 kan elevar velje yrkes- og studiekompetanse (YSK) når dei søker seg til Sauda vgs. Det er ei fireårig studieretning som fører fram til både spesiell studiekompetanse og fagbrev.

Fagbrev eller studiespesialisering? JA TAKK, begge fordeler!

Skrujern gjennom eple

Frå og med hausten 2018 kan du som nå er 10. klassing investere eitt ekstra år ved Sauda VGS – og slik sett slå to fluer i ein smekk. Etter fire års vidaregåande opplæring kan du gå ut med både fagbrev og dei faga du treng for å kome inn på ingeniørstudiet.

Søknaden til studiet gjer du allereie nå. Følg rettleiing her.

Eit unikt tilbod i Rogaland

Yrkes- og studiekompetanse (YSK) er eit unikt vidaregåande skuletilbod, og er i Rogaland lagt til Sauda vgs. Etter fire år har elevane, i tillegg til dobbel kvalifikasjon, og lært mykje om krav, reglar og rutinar i arbeidslivet. Og ikkje nok med det: dei får løn under opplæringa.

Vekslingsmodell

Under opplæringa vekslar elevane mellom arbeid i bedrift og vanleg skulegang. Elevane får:

  • teoretisk opplæring i skule kombinert med praktisk opplæring i bedrift
  • både fagbrev og realfagskompetanse – med fordjuping i matematikk, fysikk og kjemi (kvalifiserer for vidare ingeniørstudium)
  • løn under opplæringa

Korleis vert skule- og arbeidstida?

Som lærlingar følger YSK-elevane ikkje skuleferiane, men gjeldande ferieordningar.

Bedriftene får lære opp og verte kjende med ungdommar dei vil satse vidare på i framtida. Dei stiller med eigen instruktør som følger elevane.

Skulen på si side vil følge opp ved YSK-koordinator. Koordinatoren vil samordne opplæringa i skule og bedrift og kontinuerleg reise rundt for å følge opp elevane ved læreplassane. Slik sikrar skulen god kvalitet i opplæringa.

Korleis vert dei fire åra organisert?

Organisering og tilrettelegging skjer i nært samarbeid med Knarvik VGS i Hordaland. Der har dei hatt TAF/YSK sidan 1992.

Vekslingsmodellen ved Knarvik VGS er slik:

1. år 3 dagar på skulen 2 dagar i bedrift
2. år 3 dagar på skulen 2 dagar i bedrift
3. år 3 dagar på skulen 2 dagar i bedrift
4. år 2 dagar på skulen 3 dagar i bedrift

Vekslingsmodellen her vil verte endeleg fastlagd i samarbeid med lærebedriftene.

Læreplass og bustad

Siktemålet er at elevar skal få læreplass nær heimstaden og kunne pendle til undervising i Sauda.

Sauda vgs tilbyr og buplass ved elevbustaden – i 30 fine hyblar, kor seks av dei er universelt utforma. Her vil det vere tilsyn og oppfølging frå tilsette ved skulen. YSK-elevar vil få prioritet til hyblane ved elevbustaden. Søk så snart som råd.

Kven passar YSK for?

Dette fireårige opplæringsløpet passar for elevar som er flinke i realfag, motiverte for skulearbeid og som har ein klar plan for si eiga yrkeskarriere. Elevane møter høge forventingar både frå skule og bedrift. YSK kan passe for deg som ønsker:

  • høgare utdanning innan tekniske fag (ingeniør, sivilingeniør)
  • anna høgare utdanning på bachelor- eller masternivå
  • jobb som fagarbeidar etter bestått fagprøve/svenneprøve

Opptak

Søknad skjer via Vigo. Søkarane må ha YSK som første ønske ved søknad til vidaregåande opplæring. I tillegg må du fylle ut eit søknadsskjema direkte til skulen. Sjå søknadsrettleiinga.

Viktige kriterium:

  1. Karakterar frå ungdomsskule
  2. Fråvær og ordenskarakterar

Kvalifiserte søkarar vil få tilbod om intervju med bedrift for avtale om læreplass.

Spør oss!

Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon, eller for å få direkte innblikk i kva som er i vente ved besøk hos aktuelle lærebedrifter.

Del denne artikkelen på:

Interesserte søkarar til yrkes- og studiekompetanse YSK, med foreldre/føresette, er invitert til besøksdag ved Sauda VGS.

For å søke yrkes- og studiekompetanse ved Sauda VGS, må du følje rettleiinga her.

Fasaden til Campus Sauda

Elevbustaden i Sauda har tretti hyblar i to etasjar. Seks av hyblane i første etasje er universelt utforma.

Vedlegg
Kontaktperson