Ambulanselinje til Sauda vgs
Fylkestinget i Rogaland har vedteke at Vg2 Ambulansefag skal leggjast til Sauda vidaregåande skule.
Vg2 ambulansefag byggjer på Vg1 helse og sosialfag. Dette tilbodet har ikkje vore eit skuletilbod i Rogaland på ein del år. Nå har helseforetaka i fylket meldt behov for lærekandidatar i åra som kjem. Dette leggjer grunnlag for ein klasse i fylket lokalisert til Sauda.
Skulen har som mål å ta opp elevar hausten 2010. Les meir på NRK.no.
Publisert: 09.12.2009


