Valg av vidaregåande kurs
Utfyllande informasjon om studietilboda ved Sauda vidaregåande skule for elevar og føresette i 10. klasse.
Ein hovudintensjon for Sauda vidaregåande skule er å skreddarsy opplæringstilbod som høver for kvar einskild elev. Dette gjeld for alle studietilboda, men i serleg grad gjeld det for spesielt tilrettelagt opplæring. Då tilboda er varierte og i stor grad rettar seg etter elevane sine interesser og yrkesønske, er det vanskeleg å kunna gi fullgod generell informasjon om tilboda skulen kan tilby. Av den grunn oppfordrar me elevar og føresette som er i tvil om kva dei skal søkja seg inn på, om det er gjennom særinntak 1. 02 eller gjennom ordinært inntak 01.03, om å ta kontakt med Sauda vgs. for nøyaktig og utfyllande informasjon. Me ser fram til ein god dialog om vegen vidare etter 10. klasse.
Publisert: 14.01.2010


