Åpen dag idrettsfag Park- og frikøyring

Sauda vidaregåande skule inviterer til ein «Åpen dag» for elevar som vurderer å søke Park- og frikøyring, 8. februar.

Me ønsker med samlinga å presentere PFL Sauda vgs og arbeidet som vert gjort her. Me oppfordrar alle til å stille saman med ein vaksen person denne dagen. Det vert eit eige opplegg for føresette/vaksne med informasjon om PFL og omvisning på Sauda Vgs og Sauda Campus.

Dagen er berekna for elevar født i 2004 og 2005.

Det er viktig at deltakarane stiller med ski-/snowboardutstyr, hjelm og ryggplate.

Dato: 08. februar 2020
Stad: Sauda Skisenter, Svandalen
Skikort og mat: Vert dekka av Sauda Vgs

Reise og evt. opphald for utøvarar og føresette

  • Deltakarar frå Rogaland mottek ingen reisekompensasjon
  • Deltakarar frå andre fylke, som reiser med føresette, vil få alle reiseutgifter (billegaste alternativ) og heile opphaldet dekka
  • Deltakarar frå andre fylke, som reiser utan føresette, mottek kompensasjon for 50% av reiseutgifta (billegaste alternativ), og har i tillegg fritt opphald med mat

Målgruppa for dette tilbodet er primært føresette og elevar som ønsker å gjere seg kjende med skule, buforhold og sportsleg tilbod ved PFL Sauda vgs skuleåret 2020-2021.

Program for dagen

Laurdag 08.02.2020

10:30: Felles oppmøte i 2. etasje i kafeen til Sauda Skisenter. Her vert det informasjon om dagen og enkel servering.

11:30: Ski-/snowboardøkt i bakken

13:30: Lunsj

14:00: Ski-/snowboardøkt i bakken

15:30: Avslutning i kafeen

16:00: Avgang skibuss og skibåt

Påmelding

Du melder deg på ved å fylle ut påmeldingsskjemaet. Frist for påmelding er 6. februar 2020.

Til toppen