Besøksdag Idrettsfag

Går du i 10. klasse og er interessert i park- og frikøyring eller villmarksliv kan du komme på besøksdag 11. februar.

Målet med samlinga er å presentere idrettsfag ved Sauda vgs og arbeidet som vert gjort her. Me oppfordrar alle til å stille saman med ein vaksen person denne dagen. Det vert informasjon om idrettsfag og omvisning på Sauda vgs og Sauda Campus.

I tillegg vert det tre timar aktivitet – ski/snowboard i Sauda Skisenter for POF-elevar, og friluftslivsaktivitetar for villmarkselevar (langrennski/fjellski).

Målgruppa for dette tilbodet er primært føresette og elevar som ønsker å gjere seg kjende med skule, buforhold og sportsleg tilbod ved Sauda vgs skuleåret 2025/2026.

Praktisk

Dato: 11. februar 2025
Stad: Sauda vgs, Sauda skisenter og Lyngmyr
Skikort og mat: Vert dekka av Sauda vgs

  • POF-elevar må stille med ski-/snowboardutstyr, hjelm og ryggplate
  • Villmarkselevar må stille med langrenns- eller fjellski

Reise og opphald

  • Deltakarar frå Rogaland mottek ingen reisekompensasjon
  • For deltakarar frå andre fylke som reiser med føresette vil Sauda vgs dekke alle reiseutgifter (rimelegaste alternativ) og heile opphaldet
  • Deltakarar frå andre fylke som reiser utan føresette vil motta kompensasjon for 50% av reiseutgiftene (rimelegaste alternativ), og har i tillegg fritt opphald med mat

Dersom du lurer på korleis du skal komme deg til skulen, kan du sjå sida om skulen sitt nærmiljø.

Program

Tysdag 11.02.2025:

10:00: Felles oppmøte på Sauda Vgs. Her vert det info og omvisning på Sauda Vgs og Campus
11:00: Gratis lunsj
12:00–16:00: Utandørsaktivitetar
16:00: Pizza
17:00: Takk for i dag og heimreise

Påmelding til besøksdagen

Påmeldingsfrist: 9. februar

Ved spørsmål, ta kontakt.