Bli med og snakk om det!

Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv. I desember startar ein ny folkeopplysningskampanje der målet er å førebygge sjølvmord.

Rogaland fylkeskommune er med i kampanjen som minner oss om at det å spørja om sjølvmordstankar kan redde liv. Og at det er hjelp å få.

Eit kvinneandlet mot svart bakgrunn. I forgrunnen er teksten «Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.», og logoen til Helse Vest. - Klikk for stort bildeDet er Helse Vest som står bak kampanjen. I kampanjeperioden vert bodskapet «Snakk om selvmordstanker - det kan redde liv» presentert på utandørsplakatar i bybiletet og nettbanner i mange medium. Korte filmar om temaet vert delte i sosiale medium. Skodespelar Kristoffer Joner, tidlegare fotballproff Erik Thorstvedt, basketstjerna Marco Elsafadi, bergensrapparen Myra og skodespelar Aleksandra Gjerpen frontar kampanjen.

Viktig å spreie bodskapet

Selvmord er et stort samfunnsproblem som rammer den enkelte og familie og venner hardt og brutalt. Derfor er det så viktig å spre budskapet om at det er hjelp å få, og at det å snakke om selvmordstanker kan redde liv.

Ofte tror vi at vi setter ideer i hodet på noen hvis vi bringer temaet på bane. Men det er faktisk motsatt, seier fylkesordførar Marianne Chesak.

Ho har vist eit stort engasjement for temaet gjennom fleire år, og er glad for at Rogaland nå får sin eigen handlingsplan.

Handlingsplanen inneheld tiltak som skal fremma psykisk helse og førebygge sjølvmord blant elevar, lærlingar og tilsette. Planen har og tiltak for korleis me kan støtte opp om kommunane sitt førebyggande arbeid mot heile befolkninga.

Korleis skal du snakke om det?

Det er mange som på ulike måtar strevar i livet sitt. Erfaring viser at folk flest er redde for å spørja den dei er bekymra for om dei har sjølvmordstankar. Veit du kva teikn du skal sjå etter? 

Helse Vest har laga ei nettside med tips og råd, kva du skal sjå etter, korleis du kan ta den vanskelege samtalen med ein du er bekymra for og kor du kan få hjelp.​ Her er og informasjon til pårørande​ og ei eiga side for fastlegar, kommunar​ og skular.

Gå til Helse Vest si side om sjølvmord

Sjølvmord eit stort folkehelseproblem

I Norge dør cirka 600 menneske av sjølvmord kvart år. Det er nesten fem gonger så mange som i trafikken. I tillegg vert det antatt at mellom 3 500 og 7 500 personar årleg forsøker å ta sitt eige liv. Tala er stabile over tid og det er ingen større regionale forskjellar. Men trass i det store omfanget, vert det ikkje snakka om, og sjølvmordet kjem ofte overraskande på dei rundt. 

Vi må våge å bry oss og tørre å spørre om selvmordstanker. Å spørre har en beskyttende effekt, seier fylkesordføraren.

Handlingsplan og kampanje mot sjølvmord

  • Rogaland fylkeskommune sin handlingsplan for sjølvmordsførebygging «Våg å bry deg» skal til behandling i fylkestinget 8. og 9. desember. I 2017 vedtok fylkestinget ein nullvisjon
  • I Regjeringa sin nye handlingsplan for førebygging av sjølvmord, skal ein nullvisjon bidra til at sjølvmordsførebygging vert prioritert høgare
  • Folkeopplysningskampanjen som skal førebygge sjølvmord vert i hovudsak å sjå i veke 50, 51 og i veke 2
Til toppen