Gravearbeid på Lofthus

Gravearbeid på skulen si hovudavdeling fører til færre parkeringsplassar og endra tilkomst.

Frå måndag 6. desember gjer gravearbeid at parkeringsplassane på baksida av skulen, ved garasjen og mekanisk-/byggfagverkstaden vert stengt. Då vert det mindre tilgjengeleg parkering på skulen sitt område.

I tillegg vert tilkomsten via Griegs gate stengt i veke 50 – då må ein ta vegen via Wergelandsveien i staden.

Gravearbeidet er i samband med innlegging av fjernvarme.

(Illustrasjonsbilete: Rogaland fylkeskommune, Elisabeth Tønnessen)

Til toppen