Hugs lærebøkene

Hugs å levere inn lærebøkene før du tar ferie.

Det byrjar å nærme seg siste skuledag, og før den tid må du hugse å levere inn alle lærebøkene du har fått låne av skulen.

Ver ute i god tid og sjekk at du har alle bøkene du skal levere, og at det ikkje er andre elevar sine bøker du har. Ta gjerne ein gjennomgang på hybel/internat/heime for å sjå om det ligg bøker der.

Hugs at du må erstatte bøker som ikkje er leverte siste skuledag, 18. juni.

Sjå lærebokreglementet for meir informasjon.

(Illustrasjonsbilete: Rogaland Fylkeskommune, Elisabeth Tønnessen)

Til toppen