Ikkje massetesting ved oppstart

Sauda og Suldal kommune har bestemt at det ikkje vert massetesting av skulen sine elevar og tilsette ved oppstart 3. januar 2022.

Sjå meir informasjon på sidene til Sauda kommune og sidene til Suldal kommune.

Kommunane oppfordrar likevel elevar som har tilgang på hurtigtest om å ta ein sjølvtest heime før skulestart. Hybelelevar bør i så fall ta testen før dei reiser til Sauda/Suldal.

Kommuneoverlegane i Suldal og Sauda minner om at du bør halde deg heime og teste deg når du får symptom på korona, sjølv om du er fullvaksinert. PCR-test er meir nøyaktig enn hurtigtest. Òg personar med lette symptom kan ha koronavirusinfeksjon. For meir informasjon, sjå informasjon på Helse Norge sine sider.

Skulen startar opp etter juleferien måndag 3. januar på raudt nivå i trafikklysmodellen. Kontaktlærarane informerer om kva dette tyder i praksis for kvar enkelt klasse.

Vel møtt til undervisning 3. januar.

Til toppen