Informasjonsmøte om russetida

Rogaland fylkeskommune inviterer til eit digitalt informasjonsmøte om russetida.

Møtet vil verte halde 18. januar 2022 kl. 18:00–19:30.

Møtet vil verte strøyma og leia av fylkesopplæringssjef Eiliv Janssen Fougner. Når møtet startar kan du følge møtet her.

Dei siste åra har russefeiringa endra seg. Fleire elevar melder om ein buss- og gjengkultur som verkar ekskluderande og som gjer russetida utrygg. Rogaland fylkeskommune vil, som skuleeigar, vere ein heiagjeng for dykk foreldre, for at ditt barn skal ha ei best mogleg russetid i år eller seinare.

I møtet vil me ha med elevar, politiet, mobbeombodet, helsesjukepleiar og ein rektor.

Aktuelle tema som me ønsker å ta opp er mellom anna:

  • Korleis opplever me russefeiringa i dag?
  • Kva kan me og de gjere for å skape ei tryggare og meir inkluderande russefeiring?
  • Gode råd til russeforeldre
  • Kor fins det hjelparar om du er bekymra for din russ?

Sjå og aktueltsaka til fylket.

Følg møtet

Til toppen