Korona påvist på avdeling Sand

Det er påvist koronasmitta på Sauda vgs avd. Sand. Ein har kontroll på smitteveg, og personane er isolert.

Suldal kommune samarbeider med Rygjatun og Sauda vidaregåande skule i arbeidet med oppfølging av dette. Les meir på kommunen sine nettsider om koronasituasjonen.

Ein har ikkje informasjon som tilseier at utbrotet på Sand skal ha nokon koplingar til Sauda.

På grunn av aukande smittetrykk i nabokommunar og generelt, bør ein likevel passe på å følge dei generelle smittevernråda som gjeld i Sauda.

Til toppen