Koronaviruset

2.–3. juni opnar skulen opp igjen til nokonlunde normal undervisning.

Elevar får melding frå kontaktlærar om kva som gjeld for sine klassar. Planlagte opplegg og klargjering av klasserom gjer at kanskje ikkje alle startar opp på same tidspunkt.

Sjølv om skulen opnar igjen er det viktig å overhalde smittevernreglane.

Elevar som er i risikogruppa må levere ei legeerklæring som dokumenterer det og har informasjon om kva hensyn skulen eventuelt må ta til det.

Hugs at det er det mogleg å ta kontakt dersom du lurer på noko. Både sosialrådgivar, yrkes- og utdanningsrådgivar og IT-avdelinga er klare til å hjelpe elevane.

Det er påvist koronasmitte i Sauda, men ikkje blant skulen sine tilsette eller elevar.

Ellers føl skulen råda som vert gitt av Rogaland fylkeskommune, Sauda- og Suldal kommune.

Illustrasjonsbilete: CDC/ Alissa Eckert, MS; Dan Higgins, MAMS

Til toppen