Kurs i HMS for verneombod og AMU

I januar 2024 vert det halde 40 timars dokumentert opplæring i arbeidsmiljø.

Frå 1. januar 2024 kjem det endringar i regelverket for verneombod (sitat frå Arbeidstilsynet):

  • Virksomheter med fem eller flere arbeidstakere skal ha minst ett verneombud, men dersom det er færre enn fem arbeidstakere, så kan det avtales en annen ordning (endret § 6-1. 1.).
  • Verneombudets oppgaver omfatter også innleide arbeidstakere og selvstendige oppdragstakere som utfører arbeid i nær tilknytning til virksomheten (§6-2. 1. får tilføyelse).
  • Det stadfestes at verneombudets oppgaver også omfatter arbeidstakernes psykososiale miljø (§6-2. 2. får derfor ny bokstav f).

Om kurset

Kurset oppfyller arbeidsmiljølova sitt krav til opplæring av verneombod og medlem av arbeidsmiljøutval (AMU).

Opplæringa bygger på Forskrift om organisering, ledelse og medvirkning, § 3-18. Opplæring av verneombud og medlemmer av arbeidsmiljøutvalg.

Kurset gir ei grundig innføring i kva helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid inneber for verksemda og den enkelte arbeidstakaren.

Kurset krev aktiv deltaking for godt læringsutbytte. Ein vil legge opp til diskusjonar og bruk av deltakarane sine eigne erfaringar. Deler av kurset vil føregå i eiga bedrift, for arbeid med oppgåver knytte til eiga verksemd.

Formål

Deltakarane skal tileigne seg kunnskap for å hjelpe til med HMS-arbeidet i eiga verksemd.

Målgruppe

  • Verneombod
  • Medlem av arbeidsmiljøutval (AMU)
  • Leiarar
  • HMS-rådgjevarar

Kursinnhald

  • Lovar og forskrifter
  • Rolle og ansvar i HMS-arbeidet
  • Fysisk og psykososialt arbeidsmiljø
  • Inkluderande arbeidsliv
  • HMS-arbeid i praksis
  • Systematisk HMS-arbeid
  • Samarbeid
  • HMS-verktøy
  • Oppgåver knytte til eiga verksemd 
     

Kurset legg opp til dialog, trening, refleksjon og aktiv bruk av deltakarane sine eigne erfaringar.

Praktisk informasjon

Du kan ta med PC/Mac eller nettbrett, om du har.

HMS-kurs
Overskrift Informasjon
Undervisningsdagar Måndag 22.01.2024 til og med fredag 26.01.2024
Tidspunkt 08:00–16:00
Stad Sauda vidaregåande skule, avd. Lofthus, Filmsalen. Onsdag og torsdag føregår på eigen arbeidsstad
Bevertning Kaffe/te og lunsj (måndag, tysdag og fredag)
Instruktør Eirik Aasheim
Pris kr 3000,- (ved minimum 20 deltakarar)

Påmelding

Meld deg på kurset

Du kan og kontakte Kristin Bruknapp for påmelding og meir informasjon.

(Illustrasjonsbilete: Matthew HamiltonUnsplash )