Kurs i plan- og bygningslova

I september/oktober vil det verte halde eit kurs i plan- og bygningslova.

Føremålet med kurset er å gi ein overordna og grunnleggande gjennomgang av plan- og bygningslova.

Kurset har som målgruppe alle som arbeider med plan- og bygningslova i ulike rollar og funksjonar, som

  • ansvarleg prosjekterande
  • ansvarleg søkar
  • ansvarleg kontrollerande
  • ansvarleg utførande
  • handsamarar av plansaker
  • offentlege sakshandsamarar

Kursinnhald

  • Kva er plan og bygningslova? – føremål/intensjonar, oppbygging, regelverk
  • Plansystemet – hovudlinjer og føringar
  • Ansvarssystemet – ansvarsfordeling med kva som ligg i det og kva det betyr
  • Kommunen si rolle – tilnærming og kva som skal vektleggjast
  • Oppgåver og rollar for søkar – utførande/prosjekterande/kontrollerande
  • Tilsyn – oppgåvene til kommunen

Ønske om emne

Kursinnstruktør er open for innspel om emne ein ønsker særleg vektlagt. Frist for å melde inn ønske er 10. august.

Praktisk

Kursinstruktør: Reidar Sverdrup, Kluge Advokatfirma AS
Kursstad: Sauda vidaregåande skule, avd. Lofthus
Tid: Dagskurs september/oktober

Kursinvitasjon vil verte sendt ut i løpet av august.

Påmelding

Ta kontakt med Kristin Bruknapp dersom du har interesse av kurset eller har ønske om emne som bør belysast.

(Illustrasjonsbilete: Øyvind Nesvåg / Rogaland fylkeskommune)

Til toppen