Meir oversiktleg smittesituasjon

Ein byrjar å få betre oversikt over smittesituasjonen i samband med skulen.

Sauda kommune har i dag publisert følgande melding:

«Situasjonen vedrørende smittetilfellene som har relasjon til Sauda VGS, er nå mer oversiktlig. Vi avventer de siste prøvesvarene i løpet av helgen. Situasjonen vil derfor være godt avklart i løpet av helgen. For å få en total oversikt vil vi også foreta en noe bredere testing mandag.»

Suldal kommune har publisert følgande:

«Situasjonen knytta til smittetilfella i relasjon til Sauda vgs er nå meir oversiktleg.
Me har meir informasjon om kven som kan ha blitt utsett for smitte, og kor smitten kan ha kome frå. Per nå er det ikkje fleire positive prøver.

For å få ei total oversikt ønskjer me å foreta ei utvida testing. Dei berørte elevane vil bli kontakta og sett opp til testing.»

Avdelingane på Sand og Birkeland vert ikkje omfatta av testinga. Det samme gjeld elevar som går på Lofthus, men som nå oppheld seg i andre heimkommunar.

Testing av elevar og tilsette som er i Suldal startar i dag, fredag 20.11. Suldal kommune kallar inn.

Testing av elevar og tilsette som er i Sauda vert utført måndag 23.11 på skulen (Lofthus). Aktuelle personer vert kalla inn via SMS.

Etter testen er ein i karantene til resultatet er tilgjengeleg.

Dei iverksette tiltaka for skuledrifta vert vidareført til og med onsdag 25.11. Det betyr at me fortset med heimeundervisning og heimekontor for elevar og lærarar på hovudskulen (Lofthus). Undervisninga ved avdelingane på Sand og Birkeland fortset med fysisk oppmøte. Tiltaka som vart iverksett måndag for å «isolere» Lofthus frå avdelingane på Sand og Birkeland fortset og.

Måndag utgår den digitale heimeundervisninga ved hovudskulen (Lofthus), fordi dagen vil gå med til testing av elevar og tilsette.

Til toppen