Motorsagkurs

I april vert det halde eit 15 timars kurs i vedlikehald og bruk av motorsag.

Ein person iført verneutstyr kvister eit tre ved hjelp av ei motorsag. - Klikk for stort bildeKvisting Jon Eivind Vollen

Kursinnhald

  • rutinar for vedlikehald, med sjekk av verneutstyr på sag og person
  • reglar for trygg bruk av motorsag
  • grunnleggjande bruk av motorsag og arbeidsteknikkar
  • sikker felling, kvisting og nedtaking av fastfelte tre samt bruk av hjelpeutstyr
  • sikker kapping av tre
  • praktiske øvingar

Praktisk informasjon

  • alle treng verneutstyr med hjelm, bukse og sko tilpassa skogbruk
  • ha med motorsag og fil (ein kan låne ved behov)
  • 7. april skal maskinverkstaden på Sauda vidaregåande skule nyttast til informasjon og opplæring. 8. april vert det informasjon og praktiske øvingar ute

Tidspunkt: Torsdag 7. april klokka 08:30 – 14:30
                   Fredag 8. april klokka 09:00 – 15:00
Stad:          Sauda vidaregåande skule avd. Lofthus
Instruktør: Eivind Lien
Pris:            kr. 3 525,- (inkludert kursbøker)

Spørsmål og påmelding

Kontakt Anne Vikeså på anne.vikesa@skole.rogfk.no eller 975 35 783.

(Illustrasjonsbilete: Jon Eivind Vollen)

Til toppen