Motorsagkurs

I februar vert det halde eit 15 timars kurs i bruk og vedlikehald av motorsag.

Ein person iført verneutstyr kvister eit tre ved hjelp av ei motorsag. - Klikk for stort bileteKvisting Jon Eivind Vollen

Kursinnhald

  • rutinar for vedlikehald, med sjekk av verneutstyr på sag og person
  • reglar for trygg bruk av motorsag
  • grunnleggjande bruk av motorsag og arbeidsteknikkar
  • sikker felling, kvisting og nedtaking av fastfelte tre samt bruk av hjelpeutstyr
  • sikker kapping av tre
  • praktiske øvingar

Praktisk informasjon

  • du treng verneutstyr med hjelm, bukse og sko tilpassa skogbruk
  • du må ha med motorsag og fil (du kan låne ved behov)
  • 21. februar skal maskinverkstaden på Sauda vidaregåande skule nyttast til informasjon og opplæring. 22. februar blir det informasjon og praktiske øvingar ute.

Kursdagar:       Tysdag 21. feb. klokka 08:30–14:30
                         Onsdag 22. feb. klokka 09:00–15:00
Kursstad:          Sauda vidaregåande skule avd. Lofthus
Kursinstruktør: Eivind Lien
Kurspris:            kr. 4 270,- (inkludert kursbøker og kursbevis)

(Personar tilknytta landbruk betaler ein pris på kr 2 430,-. Dette inkluderer eigar av landbrukseigedom med familie samt tilsette, elevar, studentar og lærlingar knytt til landbruksnæringa.)

Spørsmål og påmelding

Dersom du har spørsmål om kurset, eller ønsker å melde deg på, kontakt Kristin Bruknapp på kristin.bruknapp@skole.rogfk.no eller 951 24 899.

Til toppen