Nytt smittetilfelle

Me viser til oppslag på Suldal kommune sine heimesider om eit tredje smittetilfelle. Skulen bistår i smittesporinga.

I samråd med kommuneoverlegane i Sauda og Suldal er det bestemt at det nye smittetilfellet ikkje får konsekvensar for organiseringa av skuledrifta i morgon, torsdag 19.11.

Me fortset med heimeundervisning og heimekontor for elevar og lærarar på hovudskulen (Lofthus).

Undervisninga ved avdelingane på Sand og Birkeland fortset med fysisk oppmøte.

Tiltaka som vart iverksett måndag for å «isolere» hovudskulen (Lofthus) frå avdelingane på Sand og Birkeland fortset og.

Suldal kommune sin artikkel

Til toppen