Nytt tilfelle av Covid-19

Som resultat av smittesporing knytt til tidlegare påvist positiv test for Covid-19, har ein avdekka at yttarlegare ein tilsett ved Sauda VGS har testa positivt.

Sauda kommune si smittesporingsgruppe har sett i verk tiltak og arbeider nå med å skaffe oversikt.

Smittesporinga har vorte utvida på normal måte i forhold til det nye funnet. Skulen støtter kommunen i dette arbeidet. Nærkontaktar skal i karantene. Desse vert følgde opp av det kommunale smittesporingsteamet.

Inntil me har kontroll på smittesituasjonen vert følgande tiltak vidareført:

  • Hovudskulen i Sauda (Lofthus) fortset, inntil vidare, med heimeundervisning og heimekontor for elevar og lærarar
  • Undervisninga ved avdelingane på Sand og Birkeland fortset med fysisk oppmøte

Tiltaka vert innført på anbefaling frå kommuneoverlegen i Sauda kommune.

Til toppen