Opplæring for vaksne

Hausten 2020 og våren 2021 har skulen eit tilbod om opplæring for vaksne.

Etter vedtak i opplæringsutvalet 26. mai i saka «Vaksenopplæring i distrikta», vil følgande tilbod om opplæring for vaksne bli tilrettelagde ved skulen:

  •             Norsk (Yrkesfag)
  •             Samfunnsfag (Yrkesfag)
  •             Vg2 Helsearbeidarfag (Programfag)
  •             Vg2 YFF Helsearbeidarfag
  •             Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag (Programfag)
  •             Vg2 YFF Barne- og ungdomsarbeidarfag

Gjennomføring av desse opplæringstilboda vil vere på dagtid.

Timeplanar er ikkje klare ennå, grunna avstemming med inntak til ordinær vidaregåande opplæring 1. juli.

Påmelding

Du finn informasjon om korleis du søker, på fylket sine sider.

Merk: Siste frist for påmelding er 12. august. Tilboda startar ved tilstrekkeleg søkartal.

(Illustrasjonsfoto: Scott GrahamUnsplash)

Til toppen