Skulestart

På grunn av koronasituasjonen vert skulestarten litt annleis enn vanleg.

Skuleåret startar måndag 17. august, klokka 08:10, med normal skuleskyss. Elevane skal møte i klasserom. Personell frå skulen vil møte elevane i døra, og vise veg.

Elevar på transport og logistikk skal møte opp på avdeling Birkeland. Elevar på ToppVolley Norge skal møte opp på avdeling Sand. Ellers skal alle andre møte opp på hovedskulen, Lofthus i Sauda.

Me gler oss til å kome i gang. Du vil få den informasjon du treng om skuleåret 2020/2021 når du møter på skulen. Men smittevern er viktig dette året. Som eit førebyggande tiltak, har kommuneoverlegen oppmoda skulen om å gi elevane to beskjedar før oppstart:

  1. Ingen med symptom på luftvegsinfeksjon skal møte på skulen, heller ikkje med milde symptom.
  2. Alle som har vore på reise i «raude» land, må rette seg etter karanteneplikta. Er du i karantene, skal du ikkje møte på skulen.

Elevar som ikkje kan møte første dag, må melde frå til skulen på morgonen same dag. Ein kan gjere dette på telefon eller epost.

Skulen tek smittevernet på alvor. Me må alle gjere det me kan for å hindre smitteutbrot på skulen, både blant tilsette og elevar. Slik kan me få eit mest mogleg normalt skuleår der du som elev både vil trivast godt og lære mykje.

Vil du ha meir informasjon om smittevernet før du kjem på skulen, så finn du nokre nyttige lenker nedanfor.

For skulane gjeld «Veileder om smittevern for ungdomsskole og videregående skole under covid-19 utbruddet 2020». Skulane startar opp på gult nivå i trafikklysmodellen. Utdanningsdirektoratet har og ei side med koronainformasjon til foreldre, der du finn informasjon på fleire språk nederst på sida.

På Folkehelseinstituttet sine nettsider finn du ei oversikt over kva vil det seie å ha symptom på luftvegsinfeksjon. Dei har og meir informasjon om karantenereglar og raude land.

Meir informasjon om risikogruppene finn du både på sidene til Folkehelseinsituttet, og sidene til Utdanningsdirektoratet.

Har du spørsmål om smittevernet, ta kontakt med oss på skulen.

Til toppen