Tilbake til gult nivå

Regjeringa har bestemt at vidaregåande skular skal tilbake på gult nivå. Skulen innfører dette frå og med onsdag 20.01.

Dette tyder at alle elevane kan møte på skulen samtidig. 1m-regelen gjeld framleis i alle fellesareal, men me bør gjere det me kan for å følge den heile tida så langt det lar seg gjere. Frå onsdag går skulen tilbake til ordinær romplan.

Frå og med onsdag 20.01 tillet og dei nasjonale føringane at me kan starte opp nokre fritidstilbod:

Me startar og opp frukosttilbod på gult nivå på Campus frå og med onsdag.

Oppstarten er drøfta med kommuneoverlegen i Sauda kommune.

Skulen vil takke elevar og tilsette for å ha løyst drifta på raudt nivå på ein god måte. Sjølv om denne perioden har gått bra, er me likevel glade for å kunne samle alle på skulen igjen frå onsdag.

Hugs at noko av det aller viktigaste me gjer på gult nivå er å verte heime ved symptom og be om koronatest.

(Illustrasjonsbilete: eggbank Unsplash)

Til toppen