Målet med VIS er å legge til rette for og møte skulen sitt framtidige behov ved å:
- fornya, forenkla og forbetra arbeidsdagen til elevar, lærarar og skuleadministrasjonen
- legge til rette for kommunikasjon mellom skulen og heimen
- digitalisere skuleadministrasjon – gi meir elektronisk, automatisert og effektiv arbeidsflyt
- gi oversikt over at elevane har fått den opplæringa dei har krav på
Korleis loggar eg inn?
Du kan logge deg inn i VIS frå og med 13. oktober.
Nytt ID-porten for å logge deg inn. Når du nyttar ID-porten, kan du velje om du vil logge deg inn med MinID, BankID, BankID på mobil, Buypass eller Commfides. Hugs at du må logge inn kvar gong du nyttar systemet. Det er hensynet til sikkerheita som er grunnen til det.
Innlogging VIS – Sauda vidaregåande skule
Registrer dine kontaktopplysningar
Me ber deg om å registrere dine kontaktopplysningar, slik at skulen kan nå deg ved behov. Legg inn din e-post og ditt mobilnummer. Adressa di vert automatisk henta frå det sentrale folkeregisteret (DSF). Dette gjeld for deg som er føresett til elev under 18 år.
Er du føresett til elevar som går på forskjellige skular? Då ber me deg om å registrere dine kontaktopplysninger på kvar enkelt skule.
Me set pris på, og ber om at du legg inn opplysningane så raskt som mogleg. Korrekte kontaktopplysningar vil vere med å sikra eit godt samarbeid mellom heim og skule, og god beredskap.
Føresette til elevar over 18
Føresette til elevar over 18 år må signere eit samtykke for at me skal kunne legge inn føresette og personopplysningar i systemet. Det vil gi føresette moglegheit til å logge seg inn i VIS, og opne for at skulen kan dele opplysningar om elev som er over 18 år. Eleven sjølv må og gi samtykke før føresette kan få tilgang.
Samtykke-erklæring for føresette/elev over 18 år
Signert samtykke frå elev og føresett må verte levert til skulen. (Gjeld for elevar over 18 år.) Elevar kan levere dokumentet til kontaktlærar.
Kva får du tilgang til som føresett?
Føresette til elevar under 18 år får tilgang til å legge inn kontaktopplysningar. Du får og tilgang til å sjå timeplanar og læreplanar til «din» elev. I løpet av skuleåret 2020/2021 får du og tilgang til fråvær.
På grunn av ein feil vil ikkje timeplanen lastast inn akkurat nå. Me beklager det – Visma arbeider med å rette opp i problemet.
Føresette til elevar over 18 år får ikkje automatisk tilgang til informasjon i systemet. Det er eleven sjølv som gir og godkjenner tilgangen til føresette i VIS. Eleven kan gi føresette tilgang til timeplanar, læreplanar, registering av kontaktopplysningar og fråvær. Hugs at samtykke må verte levert først.
Problem med å logge deg inn eller få tilgang?
Me anbefaler at du nyttar nettlesaren Chrome når du skal logge deg inn i VIS. Bytt nettleser om du opplever problem med pålogging. Dersom du framleis ikkje greier å logge deg inn, anbefaler me deg å ta kontakt med IT-avdelinga.
Korleis nyttar eg VIS?
Systemet er oversiktlig og greit å nytte. Det skal vere enkelt for deg som føresett å finne fram. Se gjerne videoen som gir deg kort informasjon om korleis du nyttar systemet.
Tilgang for føresette i det skuleadministrative systemet
Bilete 1
Velkommen til Visma InSchool. Det nye skuleadministrative systemet frå Visma.
Du får informasjon om nettadresse for innlogging frå din aktuelle skule. Adresse for pålogging finn du på nettsida til skulen.
ID-porten blir brukt tilpålogging for føresette.
Bilete 2
Når du har logga inn, kjem du til startsida. Det første du møter er timeplanen og her finn du som føresett timeplanen til din elev. Det kan vere variasjon i eleven sin timeplan frå veke til veke. Du kan bla deg fram og tilbake mellom vekene ved å klikke på pilene ved sida av datoen, eller klikke på datoen for å få opp ein kalender.
Når du klikkar på ein undervisningstime vil du sjå meir informasjon – blant anna lærar og rom.
Bilete 3
På toppen finn du ein knapp med namnet ditt. Ved å trykke på knappen kan du endra språk eller setje målform. Det er og her du logger deg ut av systemet.
Når du klikkar på namnet til eleven får du ein undermeny. Under personalia kan du sjå informasjon om eleven og skulen.
I Rogaland får føresette tilgang til timeplanar, kontaktopplysningar og læreplanar. I løpet av skuleåret 2020/2021 får du og tilgang til fråvær.
Under læreplanar du lese meir om aktuelle læreplanar ved å trykke på forstørrelsesglaset.
Under kontaktopplysningar kan du sjå din eigen informasjon.
Bilete 4
Me anbefaler at du registrerer mobilnummer og e-postadresse. Klikk på rediger-knappen og legg inn opplysningane dine. Me ber om kontaktopplysningar slik at skulen kan nå deg ved behov og for å sikre eit godt samarbeid mellom heim og skule.
Bilete 5
Om du ikkje har tilgang til informasjon under eit menypunkt vil du få denne meldinga. Husk at tilgangen til fråvær kjem i løpet av skuleåret 2020/2021.
Bilete 6
Når eleven fyller 18 år, er det eleven sjølv som bestem om føresette skal ha tilgang og kva dei får tilgang til. Husk at både føresett og elev må signere eit samtykke for at du som føresett framleis skal ha tilgang til å logge deg inn i systemet.
Det er eleven sjølv som gir tilgang til kva føresette kan sjå av timeplanar, læreplanar, kontaktopplysningar og fråvær.
Bilete 7
Ta gjerne kontakt med skulen om du lurer på noko. Lykke til!
Bilde 1
Velkommen til Visma InSchool. Det nye skoleadministrative systemet fra Visma.
Du får informasjon om nettadresse for innlogging fra din aktuelle skole. Adresse for pålogging finner du på nettsiden til skolen.
ID-porten blir brukt til pålogging for foresatte.
Bilde 2
Når du har logget inn, kommer du til startsiden. Det første du møter er timeplanen og her finner du som foresatt timeplanen til din elev. Det kan være variasjon i elevens timeplan fra uke til uke. Du kan bla deg frem og tilbake mellom ukene ved å klikke på pilene ved siden av datoen, eller klikke på datoen for å få opp en kalender.
Når du klikker på en undervisningstime vil du se mer informasjon – blant annet lærer og rom.
Bilde 3
På toppen finner du en knapp med navnet ditt. Ved å trykke på knappen kan du endre språk eller sette målform. Det er også her du logger deg ut av systemet.
Når du klikker på navnet til eleven får du en undermeny. Under personalia kan du se informasjon om eleven og skolen.
I Rogaland får foresatte tilgang til timeplaner, kontaktopplysninger og læreplaner. I løpet av skoleåret 2020/2021 får du også tilgang til fravær.
Under læreplaner du lese mer om aktuelle læreplaner ved å trykke på forstørrelsesglasset.
Under kontaktopplysninger kan du se din egen informasjon.
Bilde 4
Vi anbefaler at du registrerer mobilnummer og e-postadresse. Klikk på rediger-knappen og legg inn opplysningene dine. Vi ber om kontaktopplysninger slik at skolen kan nå deg ved behov og for å sikre et godt samarbeid mellom hjem og skole.
Bilde 5
Om du ikke har tilgang til informasjon under et menypunkt vil du få denne meldingen. Husk at tilgangen til fravær kommer i løpet av skoleåret 2020/2021.
Bilde 6
Når eleven fyller 18 år, er det eleven selv som bestemmer om foresatte skal ha tilgang og hva de får tilgang til. Husk at både foresatt og elev må signere et samtykke for at du som foresatt fremdeles skal ha tilgang til å logge deg inn i systemet.
Det er eleven selv som gir tilgang til hva foresatte kan se av timeplaner, læreplaner, kontaktopplysninger og fravær.
Bilde 7
Ta gjerne kontakt med skolen om du lurer på noe. Lykke til!
Les om behandling av personopplysningar i personvernerklæringa.
Sjå og produsenten sine sider for Visma InSchool (VIS).