Tilsett med påvist Covid-19

Ein tilsett ved Sauda vidaregåande skule har fått påvist smitte av Covid-19. Smittesporing pågår. Nærkontaktar skal i karantene.

Desse vert følde opp av det kommunale smittesporingsteamet. Skulen bistår Sauda kommune i dette arbeidet.

Inntil me har kontroll på smittesituasjonen vert følgande tiltak iverksette:

  • Hovudskulen i Sauda (Lofthus) går over til heimeundervisning og heimekontor for elevar og lærarar frå og med måndag 16.11 til og med onsdag 18.11
  • Undervisninga ved avdelingane på Sand og Birkeland fortset med fysisk oppmøte

Tiltaka vert innførte på anbefaling frå kommuneoverlegen i Sauda kommune.

Til toppen