Truckførarkurs

I oktober/november vert det halde eit 42 timars kurs i sikker bruk av truck, samt maskina sin konstruksjon og verkemåte.

Kurset inneheld både ein teoretisk og ein praktisk del.

NB: Kurset vert halde ved minimum 10 påmelde deltakarar.

Kursinnhald

Det er 30 timar teori og 12 timar praksis. Teoriprøven/eksamen må vera bestått for å kunne fortsette på praktisk del. Kurset består av 4 modular.

  • Modul 1.1: Arbeidsmiljø, ansvar og konsekvensar (8 timar inkludert eksamen)
  • Modul 2.2: Løfte- og stablevogner for gods (14 timar inkludert eksamen)
    • Krav til førar, trucktypar og bruksområde
    • Konstruksjon, verkemåte, kontroll og rapportering
    • Stabilitet, godshandtering og lastediagram
    • Bruk, sikkerheit og ulykker
  • Modul 3:2: Grunnleggande praktisk opplæring (6 timar)
    • Funksjon, verkemåte, køyreteknikk og kontrollpunkt
    • Bruks- og arbeidsområde
    • Godshandtering og lastediagram
    • Bruk og sikkerheit
  • Modul 4.2: Praktisk køyreopplæring (14 timar inkludert praktisk prøve)

Praktisk informasjon

Kursstad:                Sauda vidaregåande skule avd. Birkeland
Kursinstruktør:       Jan Ove Guggedal
Kurspris:                 kr. 6 300,- per person
Bevertning:             kaffe/te – hente mat i kantina (til teorikurset)

Teoridel

Kursdagar:             Måndag, tysdag og onsdag i veke 43 (23.–25. oktober)
Tidspunkt:              08:30–15:00

Praktisk del

Kursdagar:             Måndag, tysdag og onsdag i veke 44 (30. oktober–1. november)
Tidspunkt:              09:00–15:00

Spørsmål og påmelding

Dersom du har spørsmål om kurset, eller ønsker å melde deg på, kontakt Kristin Bruknapp på kristin.bruknapp@skole.rogfk.no eller 951 24 899.

(Illustrasjonsbilete: PickawoodUnsplash)