Utfyllande informasjon tilført av kommuneoverlegen i Suldal.
Smittesporinga er nå avslutta og tyder på at ingen utanom Topp Volley-miljøet er smitta som følgje av dette utbrotet. Kommuneoverlegen ber likevel folk ta kontakt med Suldal legekontor dersom dei mistenker at dei er smitta av skabb.
Ved ToppVolley Norge held undervising og trening i Suldalshallen fram som før. Fellesareal som idrettshallar og tilsvarande anlegg kan bli brukt av andre. Risikoen for smitte er veldig låg så lenge ein ikkje har langvarig hudkontakt eller deler tøy/handklede. Elevane ved ToppVolley Norge brukar inntil vidare ikkje Suldal bad. Når ein har sett at utbrotet er slått ned, vil elevane igjen kunne vere der.
Skabb er ufarleg, men skabbmidd forårsakar ein svært plagsom hudinfeksjon. Midden grev gangar i huda, legg egg og utløyser sterk kløe hos den som er ramma. Skabb var tidlegare knytt til dårleg hygiene og fattigdom. Det er ikkje nokon slik samanheng i dag. Skabb er ikkje ein meldepliktig sjukdom og er ikkje blant sjukdommar som blir særskilt overvaka i Noreg. Tilfelle av skabb har vore aukande dei siste åra.
Skabbsmitte blir overført ved direkte hudkontakt og seksuell kontakt, og i sjeldne tilfelle indirekte gjennom sengeklede, handkle og tøy. Vanlegvis må hudkontakten vare i minst 15 minutt for overføring av smitte.
Kløe, ofte med forverring om natta og ved svetting, er symptom på skabb. Inkubasjonstida er til vanleg 2–6 veker ved førstegangs smitte. Ved resmitte oppstår kløe etter betydeleg kortare tid. Nupper eller blemmer i huda er synlege teikn på skabb. Typiske stader er hender, alboge, midje, lår og ytre kjønnsorgan. Hos små barn opptrer ofte teikna i hovudbotn, på hals og i fotsolane.
Skabb må alltid behandlast. Kontakt fastlege for diagnose og rett behandling Tidleg behandling er viktig for å hindre spreiing av sjukdommen. Behandlinga er enkel og vanlegvis effektiv ved rett bruk av middel ein får kjøpt reseptfritt på apotek. Kløestillande krem kan brukast i dei første vekene etter avslutta behandling. Seksualkontaktar og husstandsmedlemmer må gjennomføre behandling samtidig med den smitta sjølv om dei ikkje har symptom. Vask av klede, handklede og sengetøy på 60 grader er viktig for vellukka resultat. Alternativt kan desse forseglast i plastposar haldne i jamn romtemperatur i minst 5 døgn.