Vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse

Som elev ved Sauda vgs får du tilbod om vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse.

Tilbodet gjeld i første omgang elevar som går på avdelingane i Sauda; Lofthus og Birkeland. Elevar ved avdeling Sand vil få tilbodet seinare.

Vaksinasjonen vil føregå i perioden januar–mars 2024.

For å melde deg på

Dersom du ønsker å ta vaksina må du melde frå om dette i resepsjonen på Lofthus innan 21. februar.

Når tidspunktet nærmar seg må du sjølv hente og betale vaksina på apoteket, og ta med deg den når du skal vaksinerast. Hugs at denne må oppbevarast kaldt.

Helsesjukepleiar vil sende deg informasjon både om når du kan hente vaksina, og når du skal vaksinerast.