Vegarbeid i Rødsliane

Vegarbeid i Rødsliane gjer at skuleskyssen mellom Suldal og Sauda kan verte påverka.

Kolumbus har vore i kontakt med Statens vegvesen om stenginga av vegen i Rødsliane (RV 13) måndag–torsdag i perioden 07.09.2020–30.11.2020. Statens vegvesen vil gjere det mogleg for rutegåande bussar å passere, men ifølge Kolumbus må ein likevel rekne med forseinkingar. Kor lange desse vil kunne bli er framleis uvisst.

Ved forseinkingar skal sjåførane på dei aktuelle bussane melde frå til Kolumbus, som vil melde vidare til skulen slik at skulen kan informere dei aktuelle elevane. Kolumbus seier at dei tek sikte på at bussar som korresponderer med skuleskyssen skal vente dersom den vert forseinka.  

Skulen vil følge med på situasjonen og ha dialog med både elevane og Kolumbus. Me ber elevar som dagpendlar mellom Suldal og Sauda om å sette seg opp på skulen si varslingsliste. Elevar som har registrert seg her vil få viktige beskjedar om skuleskyssen på SMS.

Skulen ønsker og at elevar melder frå til skulen viss ein opplever problem med skuleskyssen, slik at skulen kan ta dette opp med Kolumbus. Me oppmodar om å melde frå om eventuelle problem med skuleskyssen til kontaktlærar eller direkte på epost til rektor Bård Lien.

(Illustrasjonsbilete: Rogaland fylkeskommune, Elisabeth Tønnessen)

Til toppen