Presiseringar for orden og atferd

Det er fleire handlingar som får følger for orden- og atferdskarakterer. Her er nokre eksempel, men hugs at dette ikkje er ei utfyllande liste.

Anmerkningar

Dersom ein får eit visst antal anmerkningar, vil dette kunne føre til nedsett karakter i orden- og atferd.

  • Orden
    • 5–8 anmerkningar gir nedsett karakter i orden til NG
    • 12–15 anmerkningar gir nedsett karakter i orden til LG
  • Atferd
    • 5–8 anmerkningar gir nedsett karakter i atferd til NG
    • 12–15 anmerkningar gir nedsett karakter i atferd til LG

Intervalla som er ført opp over skal ligge til grunn, men ein vil og nytte skjønn og ta hensyn til alvorlegheitsgrada på handlingane det er snakk om.

Varsel

Varsel om fare for nedsett karakter i orden og atferd til halvårsvurdering og standpunktvurdering skal sendast så raskt som mogleg, og utan grunnlause utsetjingar.

Eleven skal ha moglegheit til å forbetre orden og/eller atferd.

Nokre alvorlege handlingar kan likevel føre til nedsett orden og atferd umiddelbart og utan varsel. Slike enkeltsaker skal vurderast for seg.

Fusk

Fusk er å bryte reglene for å nytte hjelpemiddel.

Eleven har sjølv ansvar for å søke opp og sette seg inn i informasjon om kva hjelpemiddel som er tillatne under ein eksamen/prøvesituasjon. Fylket har laga ei oversikt over hjelpemiddel som er tillatne under eksamen.

Plagiat

Plagiat er å nytte andre sine tekstar heilt eller delvis, utan å informere om kjelda.

Når alle hjelpemiddel er tillatne, er det ikkje plagiat å nytte kjelder. Men dersom ein nyttar kjelder, skal ein informere om desse på ein påliteleg måte.