Vg2 Transport og Logistikk

Klikk for stort bildeNokre køyretøyI faget bransjeteknikk er all obligatorisk opplæring for førarkort klasse B, truckførarbevis og ADR-kompetansebevis inkludert i undervisninga. Du får opplæring i førstehjelp og slukking av mindre brannar. Transportlinja driv distribusjon av gods for ein lokal transportør. Distribusjonsarbeidet kan drivast som elevbedrift om du som elev ønsker det.

Ein dag i veka vert du utplassert i ei relevant transport- og/eller logistikkbedrift, i prosjekt til fordjuping. Utplasseringa gir deg eit nyttig innblikk i livet utanfor skulens veggar og gode erfaringar å ta med vidare både i skulearbeidet og seinare i arbeidslivet.

Facebooksidene til avdeling Birkeland kan du få eit innblikk i korleis det er å gå linja.

Til toppen