Kurs i plan- og bygningslova
Kurset «Plan- og bygningslova i praksis – SAK 10» skal gi kursdeltakarane felles forståing, oppdatert informasjon og handbok for å effektivisere PBL-saker.
Publisert 24.03.2022 15.03
Sist endret 24.03.2022 15.04
Føremålet med kurset er å gi ein overordna og grunnleggande gjennomgang av plan- og bygningslovgivinga.
Målgruppa er alle som jobbar med plan- og bygningslovgivinga i ulike rollar og funksjonar, som for eksempel
- ansvarleg prosjekterande
- ansvarleg søkar
- ansvarleg kontrollerande
- ansvarleg utførande
- handsamarar av plansaker
- offentlege sakshandsamarar
Kursinnhald
- Kva er plan og bygningslova? – føremål/intensjonar, oppbygging, regelverk
- Plansystemet – hovudlinjer og føringar
- Ansvarssystemet – ansvarsfordeling med kva som ligg i det og kva det tyder
- Kommunen si rolle – tilnærming og kva som skal vektleggast
- Oppgåver og rollar for søkar – utførande/prosjekterande/kontrollerande
- Tilsyn – oppgåvene til kommunen
- Endringar 1. juli 2021
- Oppsummering og spørsmål
Praktisk
Kurstid: dagskurs (08:00–15:00)
NB: Kurset vert tilpassa etter behov frå deltakarane. Dette gjeld innhald, varigheit, tid og stad.