Årleg vert det sett opp eit todagars motorsagkurs, der du får både teori og praktiske øvingar.
Publisert 05.04.2022 13.06
Sist endret 02.05.2022 10.39
Motorsagkurs
Kristin Bruknapp
Praktisk informasjon
Tidspunkt: Mars/April
Stad: Sauda vidaregåande skule avd. Lofthus
Instruktør: Eivind Lien
- alle treng verneutstyr med hjelm, bukse og sko tilpassa skogbruk
- ha med motorsag og fil (ein kan låne ved behov)
- det vert både teoriopplæring innandørs, samt informasjon og praktiske øvingar ute
Kursinnhald
- rutinar for vedlikehald, med sjekk av verneutstyr på sag og person
- reglar for trygg bruk av motorsag
- grunnleggjande bruk av motorsag og arbeidsteknikkar
- sikker felling, kvisting og nedtaking av fastfelte tre samt bruk av hjelpeutstyr
- sikker kapping av tre
- praktiske øvingar
Spørsmål og påmelding
Kontakt Anne Vikeså på anne.vikesa@skole.rogfk.no eller 975 35 783.