Vidaregåande opplæring for vaksne«Ingen skal gå ut på dato på grunn av manglende kompetanse» – Kompetansereformen (2019-2020). Me skreddarsyr ut frå ditt behov. Publisert 03.12.2021 15.12 Sist endret 20.01.2022 14.33 Vg2 Helsefagarbeidarklassen 2021/2022 Anne Vikeså Det er kompetansebehovet frå enkeltpersonar og arbeidslivet som utgjer kva tilbod som startar, og utvalet vil derfor variere frå år til år. Hugs at tilboda våre kan kombinerast med tilboda frå andre vaksenopplæringssenter, samt med Nettskulen. Meld behov Kvifor meir kompetanse? Ingen skal gå ut på dato grunna manglande kompetanse Arbeidslivet treng framtidsretta kompetanse Nett – samlingsbaserte fag mot studiekompetanse Kvalifisere deg til høgare utdanning? Ta påbygg- og studiekompetansefaga norsk, matematikk, naturfag og historie nett- og samlingsbasert i Ryfylke. Oppstart august 2022. Få meir informasjon og meld deg på Fag frå vidaregåande opplæring Fullførte vidaregåande fag/opplæring gir eit betre grunnlag for å delta i samfunnet, arbeidslivet og søkje høgare utdanning. Me legg til rette for at vaksne kan ta fag frå vidaregåande i det ordinære tilbodet til skulen. I tillegg opprettar me ved behov eigne kurs/fag spesielt organisert for vaksne. Kommande aktivitetar Følgande har oppstart skuleåret 2022/2023 som eigne tilbod for vaksne. Nett- og samlingsbaserte fag Historie Matematikk Naturfag Norsk Yrkefaglege fellesfag Engelsk Matematikk Naturfag Pågåande aktivitetar Følgande aktivitetar går skuleåret 2021/2022 som eigne tilbod for vaksne. Kvalifiserende kurs i norsk og matematikk (4. påbygg og GENS) Vg2 Helsefagarbeidar Yrkesfaglege fellesfag Engelsk Matematikk Naturfag Norsk Samfunnskunnskap Meld behov Timeplanar Din personlege timeplan Din personlege timeplan finn du i Visma InSchool (VIS) når du startar på skulen. Logg inn i Visma InSchool For å logge deg inn nyttar du FEIDE-brukaren som du oppretta ved å følge SMS-instruksjonane du fekk ved skulestart. Tidspunkt og fag i eigne klassar Programfag 2021/2022 Programfag 2021/2022 Fag Tidspunkt Vekedag Stad Startdato Sluttdato Vg2 Helsefagarbeidar Dagtid Torsdagar Sauda vgs 16.08.2021 17.06.2022 Yrkesfaglege fellesfag 2021/2022 Yrkesfaglege fellesfag 2021/2022 Fag Tidspunkt Vekedag Stad Startdato Sluttdato Norsk Dagtid Onsdagar og fredagar Sauda vgs 16.08.2021 17.06.2022 Samfunnskunnskap Dagtid Onsdagar Sauda vgs 16.08.2021 17.06.2022 Engelsk Dagtid Onsdagar og torsdagar Sauda vgs 16.08.2021 17.06.2022 Yrkesfaglege fellesfag 2022/2023 Yrkesfaglege fellesfag 2022/2023 Fag Tidspunkt Vekedag Stad Startdato Sluttdato Engelsk Dagtid Sauda vgs August 2022 Juni 2023 Matematikk Dagtid Sauda vgs August 2022 Juni 2023 Naturfag Dagtid Sauda vgs August 2022 Juni 2023 Fag til påbygg og generell studiekompetanse 2022/2023 Fag til påbygg og generell studiekompetanse 2022/2023 Fag Tidspunkt Vekedag Stad Startdato Sluttdato Norsk Dag/Kveld Samlings-/nettbasert August 2022 Juni 2023 Historie Dag/Kveld Samlings-/nettbasert Januar 2023 Juni 2023 Naturfag Dag/Kveld Samlings-/nettbasert August 2022 Januar 2023 Matematikk Dag/Kveld Samlings-/nettbasert August 2022 Juni 2023 Eksamensførebuande kurs Me arrangerer kurs for praksiskandidatar/privatistar som skal ta praksiskandidateksamen. Eksamensførebuande kurs 2021/2022 Eksamensførebuande kurs 2021/2022 Fag Tidspunkt Vekedag Startdato Sluttdato Stad Reinhaldsoperatør 17:00–20:45 Tysdagar 15.09.2021 24.02.2022 Sauda vgs og nettundervisning Yrkessjåfør 16:30–19:00 Måndagar 07.02.2022 16.05.2022 Nettundervisning Logistikkfaget 19:00–21:30 Måndagar 07.02.2022 16.05.2022 Nettundervisning Du kan få ei oversikt over kva andre kurs som vert tilbudt i fylket på fylket sine sider, og der kan du og melde deg på desse kursa. Påmelding For å melde deg på kan du ta kontakt med Kristin Bruknapp på telefon 961 24 899 eller epost kristin.bruknapp@skole.rogfk.no. Nettskulen Hugs at det og er mogleg å ta fag over nettet via Nettskolen Rogaland. Privatist Privatisteksamen vert halde to gonger i året. Du er sjølv ansvarleg for å melde deg opp til eksamen. Oppmeldingsfrist vår: 15. januar til og med 1. februar. Oppmeldingsfrist haust: 1. september til og med 15. september. Meld deg opp til eksamen Fylket har meir informasjon om å ta eksamen som privatist. Restplassar Dersom det er ledige plassar før oppstart, kan du søke om restplass sjølv om du ikkje har rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Plassane vert lagde ut i byrjinga av august og desember. Du finn meir informasjon, ei oversikt over restplassar og søknadsskjema på sidene om restplassar. PC og brukarkonto Datamaskin og programvare Hugs at du er nøydd til å ha ei datamaskin. Dersom du ikkje har ei, kan du få kjøpt ei rabattert maskin gjennom fylket si PC-ordning. Programvara du treng får du av skulen/fylket, inkludert Microsoft Office, så lenge du er elev. For meir informasjon om og hjelp med datamaskiner og programvare, sjå sidene til IT. Eksamen for vaksenopplæring Som deltakar ved vidaregåande opplæring for vaksne får du standpunktkarakter. Nokre skal i tillegg opp til eksamen. Sjå sidene om eksamen for vaksenopplæring for meir informasjon. Vitnemål og kompetansebevis Du får vitnemål eller kompetansebevis når du har fullført opplæringa di. Les meir her om vitnemål og kompetansebevis. Bestill vitnemål og kompetansebevis Fritak og tilrettelegging Søknad om fritak i sidemål I faget norsk for studiekompetanse er det i nokre tilfelle anledning til å søke om fritak i sidemål. Søknad med dokumentasjon skal sendast i VIS. Yrkesfagleg norsk har ikkje sidemål. Søknad om tilrettelegging på eksamen Søknad med dokumentasjon skal sendast i VIS. Søknad utan dokumentasjon vert ikkje behandla. Klage på karakter Du kan klage på eksamenskarakterar og standpunktkarakterar. Du kan og klage på at du ikkje har fått karakter i eit fag (IV). Klagefrista er ti dagar frå karakteren er publisert i VIS, eller frå den dagen du har motteke grunngjevinga. Klage på karakter Lånekassen Vaksne som tar vidaregåande opplæring kan få stipend og lån. Les meir her om å søke til Lånekassen. Trenger du hjelp med Lånekassen? Ta kontakt med administrasjonen på skulen: telefon: 51 92 28 00 e-post: sauda-vgs@skole.rogfk.no Ikkje send sensitiv informasjon som e-post. Søke om plass Søk om vidaregåande opplæring Etter at du har søkt vil du få tildelt ein rettleiar som kan hjelpe deg med å finne ut kva fag du treng og å melde deg på fag. Kontakt Kristin Bruknapp kristin.bruknapp@skole.rogfk.no 951 24 899 Anne Vikeså anne.vikesa@skole.rogfk.no 975 35 783