Særskilt tilrettelegging

Viss du treng særskilt tilrettelegging i samband med eksamen som til dømes utvida tid eller opplesing av oppgåve søker du om dette.

Elev

Er du elev på skulen må du søke om tilrettelegging via Visma.

Der går du inn på «Elev» og vidare til «Mine søknader», og legg inn søknaden din samt dokumentasjon frå ein sakkunnig.

Søknadsfrist

Søknaden bør leverast så tidleg som mogleg i skuleåret. Siste søknadsfrist er 1. mai.

Privatist

Er du privatist, må du først melde deg opp til eksamen via Visma. Der kan du og søke om å få tilrettelagt eksamen.

Fylket har meir detaljert informasjon om korleis du skal søke om tilrettelagt eksamen som privatist.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 15. september for eksamen i haustsemesteret medan fristen er 1. februar for vårsemesteret.