Munnleg eksamen er todelt, og varer i inntil 30 minutt.
I første del av eksamenen kan du velje å halde ein presentasjon med utgangspunkt i tema/problemstilling og kompetansemåla frå førebuingsdelen. Denne skal ikkje utgjere meir enn ein tredjedel av eksamen, altså maks 10 min.
Resten av eksamen vil du få utdjupande spørsmål knytt til tema/problemstilling, men også frå faget i heilskap.
Særskilt for munnleg-praktisk eksamen:
Munnleg-praktisk eksamen er tredelt og varer i inntil 45 minutt. Dei to første delene er like som i vanleg munnleg eksamen.
I tillegg skal denne typen eksamenar ha eit praktisk innslag. Det betyr at du anten utfører ei praktisk øving, forklarer kva som skjer i ei praktisk øving eller eventuelt simulerer ei praktisk øving. Du vil få beskjed om kva du skal gjere.