Elevrådet

Elevrådet har som oppgåve å tale elevane si sak og ta opp aktuelle saker med lærarane og leiinga på skulen.

Tillitseleven

Tillitselevane representerer klassen i elevrådet, og i saker som klassen vil ta opp med lærarar eller med leiinga på skulen. Han/ho har og ansvar for klassens time i samarbeid med kontaktlærar.

Det skal veljast tillitselevar i alle klassar i starten av skuleåret.

I oppstarten av skuleåret får alle tillitselevane eit kurs i drive elevrådsarbeid.

Elevrådet

I elevrådet sit tillitselevane frå kvar klasse.

Elevrådsstyret er sett saman av eit utval av tillitselevane i elevrådet.

Sauda vidaregåande skule er medlem av Elevorganisasjonen (EO), som held kurs og støttar elevrådet med middel til ulike aktivitetar. Representantar frå elevrådet deltek på Elevtinget til Elevorganisasjonen ein gong i året. Nettsida til elevorganisasjonen har god informasjon om organisasjonen sitt arbeid.

Kontakt

Har du noko du vil ta opp? Kontakt elevrådsleiar Bjørn Wigestrand på mobilnummer 406 15 124.
 

Elevrådsmedlem

 

Kontaktpersonar frå tilsette/leiing:

Til toppen