Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta ønsker å bidra til god fysisk og psykisk helse, førebygge sjukdom og skade, samt fremma gode sosiale og miljømessige forhold.

Du kan sjølv ta kontakt med skulehelsetenesta når du ønsker det, anten på kontoret, via epost til helsesjukepleiaren eller postkassen. Helsesjukepleiar er Silje Kvamme Handeland.

På Lofthus finn du skulehelsetenesta på onsdagar i perioden 08:30–13:30 på rom 228B.

På måndagar kan du finne den i helsestasjon for unge ved helsesenteret i Åbødalsveien 79, i perioden 14:00–16:00.

For at du som elev skal få hjelpa du treng, samarbeider helsesjukepleiaren med skulen og eventuelt andre instansar ved behov. Dette skjer sjølvsagt i samarbeid med deg.

Skulehelsetenesta er eit lågterskeltilbod. Tilbodet er gratis, og helsesjukepleiaren har teieplikt.

Du kan få råd/veiledning om prevensjon, graviditet, kjønnssjukdommar, rusmiddel, røyking, stress, kosthald og andre ting du lurer på. Personlege problem eller uro knytt til heim, skule og vener kan du og snakke om.