Gratisprinsippet

Det er gratis å gå på vidaregåande skule i Norge. Det gjeld og turar og ekskursjonar.

Hovudregel for korleis gratisprinsippet skal verte forstått i Rogaland fylkeskommune

Skulen skal vere ein inkluderande skule der alle kan delta på lik linje uavhengig av personleg økonomisk bakgrunn. Opplæringa i offentleg vidaregåande skule eller lærebedrift er gratis, og dette inkluderer studieturar og ekskursjonar.

Offentlege skular i Rogaland fylkeskommune skal ikkje planlegge eller gjennomføre nokon skuleturar eller ekskursjonar som dei ikkje i si heilheit kan dekke utan tilskot, gåver eller liknande frå elevar eller føresette.

For å sikra at alle elevar skal få same moglegheiter til å delta uavhengig av økonomisk bakgrunn, vert det ikkje opna for frivillige og/eller anonyme donasjonar frå elevar eller føresette som skulen kan nytte til å dekke kostnadar i samband med studieturar eller ekskursjonar. Denne innstraminga er gjennomført for å sikre at ingen elevar vert utsette for press til å betale skulen.

Hovudregelen for gratisprinsippet gjeld både for turar og ekskursjonar som er obligatoriske etter læreplanen, og for turar og ekskursjonar som vert gjennomførte som supplement for å auke elevane sitt læringsutbytte.

Unntak frå hovudregelen

Dei einaste kostnadane vidaregåande skular i Rogaland kan krevja dekka av sine elevar i samband med studieturar eller ekskursjonar, er kostnadar til mat, drikke og anna individuelt utstyr til elevane.

Dersom meirkostnadane vert høgare enn det ein kan rekne som normalt som følge av skulen sitt val av menypakkar eller liknande, vert det forventa at skulen dekkar deler av matkostnadane.

Rutine for korleis turar skal planleggast og gjennomførast

Alle turar og ekskursjonar må verte godkjende av skulen sin administrasjon (rektor eller avdelingsleiar). Alle studieturar og ekskursjonar som er obligatoriske etter læreplanen skal gå fram av skulen sin årsplan.

Om sponsing og gåver frå eksterne aktørar

Det er framleis tillate at firma, organisasjonar eller liknande tildeler gåver, donasjonar eller stipend slik at skuleklassar kan reise på ekskursjonar. Konkrete eksempel på ei slik tillaten ordning er for eksempel Erasmus-programmet sitt tilskot til studieturar for elevar og klassar, og avtalar med lokalt næringsliv.