Dersom du ønskjer å bu på den private bustadmarknaden anbefalar me at du les skulen si liste over ting du bør sjå etter når du skal velgje bustad.
Nøkkelkriterium for eit godt hybeltilvære
- Utleigar har eit regelverk med forbod mot alkohol og andre rusmiddel
- Utleigar bur sjølv i huset eller nærmiljøet og kan dermed følge opp leigebuarane
- Utleigar tilbyr ei form for vaktordning
Utleigeobjekt som me anbefalar at du styrer unna
- Utleigarar som ikkje har eit strengt regelverk mht. alkohol og andre rusmiddel
- Utleigarar som leiger ut til fleire elevar i same bygg utan ein tydeleg plan for jamnleg oppfølging
- Utleigarar som opererer med årskontraktar med eitt års binding. Då risikerer du å måtte betala for heile året sjølv om du ønskjer å flytte.
Her kan du finne privathyblar
Sist endra 20.08.2026 14.14