Privathyblar

Dersom du har behov for ein stad å bu, og ønsker å leige noko på det private markedet, har skulen ei liste over tilgjengelege hyblar.

Liste over privathyblar (PDF, 106 kB)

Det kan og hende det er privathyblar tilgjengeleg som me ikkje har på lista vår, så det kan vere lurt å sjekke andre stader og. Du kan og sjå om det er noko ledig i skulen sin elevbustad.

Ting du bør sjå etter når du skal velje privat hybel

Nøkkelkriterium for eit godt hybeltilvære

  • Utleigar har eit regelverk med forbod mot alkohol og andre rusmiddel
  • Utleigar bur sjølv i huset eller nærmiljøet og kan dermed følge opp leigebuarane
  • Utleigar tilbyr ei form for vaktordning

Utleigeobjekt som me anbefalar at du styrer unna

  • Utleigarar som ikkje har eit strengt regelverk mht. alkohol og andre rusmiddel
  • Utleigarar som leiger ut til fleire elevar i same bygg utan ein tydeleg plan for jamnleg oppfølging

Er du utleigar?

Dersom du leiger ut til elevar i Sauda, men ikkje er på lista vår, kan du ta kontakt med oss, så ser me om me kan få lagt deg til.

Det same gjeld dersom du ønsker å oppdatere eller fjerne informasjonen din.