Bruk av projektor

Det er fleire måtar å kople seg til skulen sine projektorar på, avhengig av kva utstyr du har.

På dei fleste rom er det Epson-projektorar som du kan kople til ved hjelp av HDMI- eller USB-A-kablar. På HDMI-kabelen heng det fleire overgangar som kan nyttast dersom du har ei anna tilkopling på di maskin.

Du bør ikkje nytte USB-kabelen dersom du skal vise film.

Når du koplar til via USB-kabel dukkar det opp ei ekstra lagringseining på maskina. Der finn du drivarprogramvara du må installere første gongen før ting fungerer.

Merk at dersom du har ein nyare Mac må du laste ned og installere programmet «USB Display installer» frå nettsidene med drivarnedlasting for Epson-projektorar i staden, då programvare som ligg på projektoren ikkje er laga for nyare Mac-versjonar.

Til toppen